Omstilling er aktuelt i kommunar eller regionar med tap av arbeidsplassar og sterk reduksjon i sysselsetjing og folketal. Omstillinga skal ha som målsetjing å skape nye arbeidsplassar og auke attraktiviteten til kommunen eller regionen. Eit omstillingsprosjekt vil som regel gå over 3-6 år. Fylkeskommunen og Innovasjon Norge bidreg inn i prosessen med rådgjeving og økonomisk støtte.
I Møre og Romsdal har Vanylven status som omstillingskommune i perioden 2007-2013. Kommunane Nesset og Sunndal gjennomfører omstillingsarbeid med støtte frå fylkeskommunen i prosjekta Nesset som vekstkommune 2009-2013 og Sunndal 2013.
Vanylven kommune fekk omstillingsstatus i 2004. Omstillingsstatus er ein ekstraordinær innsats med inntil 6 års varighet for kommuner/regionar med einsidig næringsgrunnlag og som står ovanfor særskilte store omstillingsoppgåver. Vanylven kom i søkelyset etter at hjørnesteinsbedrifta AS Olivin vart solgt, meieriet vart lagt ned og påfølgande stor frå flytting frå kommunen.
I utgangspunktet varte omstillingsstatusen til Vanylven ut 2009, men der kom i 2007 ekstraordinære omstillingsmidlar frå staten som forlenga perioden fram til 2013.
Den overordna målsettinga med omstilling er å bidra til å styrke næringsgrunnlaget gjennom etablering av nye lønnsomme arbeidsplassar og auka verdiskapning slik at området for ein meir robust og variert næringsstruktur med sysselsettingsmuligheter for både kvinner og menn. I tillegg skal arbeidet bidra til å styrke den langsiktige næringsutviklingsevna i området. Det vert lagt vekt på eit heilskapsleg samfunnsperspektiv i arbeidet med omstilling, der mellom anna kommunen si utvikling av tenester mot næringslivet er ei sentral oppgåve.
Omstillingsarbeidet i Vanylven kommune vart avslutta i 2013 - her finn du evalueringsrapporten frå arbeidet.