Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Vanylven kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder. Vanylven Utvikling AS har delegert mynde frå Vanylven kommune til forvaltning av kommunalt næringsfond.
Prosjekt som fremjar entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar vert oppfordra til å søkje næringsfondet. Etableringar som er nyskapande og som gir moglegheit for mange nye arbeidsplassar vert spesielt prioritert.
Tilskot frå næringsfond skal verke som ein utløysande faktor for eit raskare eller større realiseringspotensiale i omsøkte prosjekt. Det vert stilt krav til at omsøkte prosjekt skal bidra til eit faktisk utvikling i bedrifta. Det kan ikkje løyvast tilskot til kostnadar som er å rekne som driftsrelaterte (t.d. fornying av eksisterande utstyr). 10 % av årleg løyving er øyremerka ungdomsretta tiltak med næringsfokus.