skipstunnel.jpg

Synergiar skipstunnel

Infoside frå synergigruppa

Etter kvart vil det kome utfyllande informasjon frå synergigruppa Stad skipstunnel, Vanylven

epost: post@vanylvenutvikling.no


Medlemmar av gruppa er:
Jon Aasen, leiar, tlf. 900 80 387 - 
Lena Landsverk Sande, ordførar, tlf. 452 27 168
Tor Inge Nygård, Vanylven Utvikling, sekretæriat, tlf. 954 70 452
Helge Kleppe, tekn.sjef Vanylven, tlf. 932 89 894
Bjarne Sætrenes, Frp Vanylven, tlf. 414 51 959
Jermund Rekkedal, Sibleco, tlf. 916 43 119
Chris Ole Fiskaa, Fiskå Maskin as, tlf. 950 24 583

05.02.2021

I forbindelse med synergigruppa sitt arbeid med å få på plass prosjekt der ein kan nytte tunnelmasse frå Stad skipstunnel opplyser teknisk sjef, Helge Kleppe at det no er på gang arbeid med ny kystsoneplan for Vanylven, som skal leggast ut til høyring før ferien. I denne samanheng er det no viktig å få innspel frå interessentar med planar om tiltak i kystsona. Desse områda vil då kunne gjerast konsekvensutgreeing på før planen vert lagt ut til høyring.

Ein bed om at det vert teke kontakt med Vanylven kommune, teknisk etat.


19.01.2021

Tysdag 19. januar vart den nysamansette synergigrupopa for Stad skipstunnel samla til første møte. Jon Aasen er vald til leiar i gruppa med Vanylven Utvikling som sekreteriat.
Det var god stemning i gruppa og ein ser no fram til positive innspel på korleis ein kan utnytte potensialet som ligg framfor oss både i anleggstida og ikkje minst etter at skipstunnelen er opna.

Ein har no ca eitt år på seg for å få på plass prosjekt der ein kan nytte tilførsel av gratis tunnelmasse innanfor 10 nautiske mil frå tunnelinnslaget i Kjødepollen og her vil ein prioritere samfunnsnyttige prosjekt. Kravet for å prioritere tunnelmasse er at det ligge føre godkjend reguleringsplan for prosjektet ein ynskjer masse til.


Synergigruppa ynskjer no gode innspel på bruk av tunnelmasse frå Stad skipstunnel, og har allereie oppretta ei nettside der folk kan ta kontakt. (http://www.vanylven.no/synergier)


Elles ønskjer alle medlemane at folk tek direkte kontakt med oss. Om ein ser behov og ønskje om det frå folket, vurderer synergigruppa i tillegg å arrangere bygdemøter..

P.g.a situasjonen med begrensa møteaktivitet i forhold til covid-19 må planlagde bygdemøter utsetjast inntil vidare men synergigruppa tek gjerne imot innspel frå lokale interessentar som treng vidare utgreiing og eventuelt krav om reguleringsplan for mottak av tunnelmasse.