Segnet om st. jetmund

Ei gamal segn fortel at den engelske helgenen St. Edmund grunnla den første kyrkja på Åheim. Han kom reisande frå Nordfjord og gjekk over Maurstadeidet. Då han kom fram til den staden som framleis blir kalla Jetmundleitet og såg den vakre Åheimsbygda, bestemte han seg for at der nede skulle kyrkja liggje. Han la seg til å sove på ein stein, som i ettertid har fått namnet Jetmundsteinen. På den tida var det skikk at den som skulle byggje, først måte sove der bygget skulle stå. Vart det ein roleg søvn, varsla det hell i arbeidet. Edmund hadde ein roleg søvn, og gjekk straks i gong med arbeidet og fekk reist kyrkja. Han vart difor gjort til helgen for kyrkja.

St. Edmund var engelsk konge. Han vart drepen av vikingar og leid martyrdøden på 900-talet. I England er klosteret Bury St. Edmund bygd til ære for han.

Kyrkja på Åheim er i romansk stil, med runde bogar i vindauge og døropningar. Preikestolen er frå 1630 og alterbiletet frå hollandsk middelalder. Kyrkja vart seld på auksjon i 1724 og var i privat eige i 129 år. Kommunen løyste den ut i 1853. Det vart strid i soknet om kyrkja skulle flyttast til ein meir sentral stad. Resultatet vart at det vart reist ei ny og større soknekyrkje på Slagnes, og St. Jetmundkyrkja vart riven i 1863. Stein frå kyrkja vart brukt til bygging rundt om i bygda. Berre restar av grunnmuren stod att. På 1930-talet byrja ein arbeidet med å byggje opp att kyrkja. Bygningsstein vart samla inn frå gardane i området, og kyrkja vart bygd etter skisser frå før rivinga.

Kjelde: www.vanylven.kommune.no

Ein grunn til å smile / Nr 2 2013
Dei-gode-historiene-18-des-2_Page_072_Image_0001.jpg