Næringsmuligheter

Vi vil gjerne ha bedrifta di hit. Her kan du lettare skape lønsemd og trivsel!

Vanylven byr på mange fordelar:

  • Lågare arbeidsgjevaravgift 6,4% gjev bedrifta betre lønsemd
  • Ei kommune som legg til rette og ynskjer bedrifta di velkomen
  • Gode økonomiske støtteordningar gjev etableringar god drahjelp
  • Ledige lokale og tomter for alle slag bedrifter
  • Vakker natur med endelaus fridom som ein ekstra, attraktiv bonus.

Ta kontakt med oss og få vite meir om kva muligheiter vi kan ha til deg og få vite meir om mulegheitene.

1.jpg

Vanylvsmia kontorfellesskap

Deling av kunnskap og utgifter er både triveleg og lønsamt. Her er innflyttningsklare kontor til rimlege vilkår i spennande kontorfellesskap.
image001_cr.jpg


Industrilokale / areal

Vanylven har god tilgang på eigna areal, ferdig tilrettelagt med godt utbygd infrastruktur. Det gjeld både tomter og ledige industribygg.
3.jpg

Arbeidsmarknad / Jobbformidling

På heimesidene vanylven.no vil du finne oversikt over ledige jobbar, både private og offentlige stillingar. Sjå vanylven.no/jobb-vanylven for ledige stillingar.
4.jpg

Gode bumiljø med tid og rom

Vanylven byr på det meste. Gode barnehagar og skular, nære og aktive lokalsamfunn, roleg puls og trivelege folk. Finn fred, ro og armslag.
5.jpg

Mange aktivitetar

Her er lite urban kaffe latte-kultur, men mykje naturleg aktivitet sommar som vinter. Fjell, sjø, jakt, fiske og mange lag og organisasjonar som kan fylle fritida med meiningsfullt innhald.
6.jpg

Unike turmuligheiter

Ville fjell, vakre dalar, mild fjord stort hav. Rundt 80 turløyper av variert lengde og vanske er tydeleg merka, både i naturen og digitalt. Last ned Vanylven som app og bli overtydd.