Jobb i Vanylven

Her vil vi formidle dei arbeidsmulighetene som er i Vanylven.
Er du arbeidsgjevar og ynskjer å søkje etter folk? Meld dette inn til oss slik at vi kan legge det ut.

Interessert i arbeid i Vanylven? Ta kontakt og meld inn utdanning/yrke/interesse slik at du kan verte kontakta ved konkrete muligheiter.

jobbmuligheiter

Offentleg sektor:

Sjukepleiarar

Vikarar til skulane og barnehagane hausten 2014


Privat sektor:

Sal/kundeservice CNC-operatør


Ta kontakt for meir informasjon.

VANYLVSSMIA

I Vanylvssmia er det lagt til rette for stadsuavhengige arbeidsplassar i eit lyst og triveleg kontorfellesskap.
«Innflyttningsklare» kontor, fellesareal med kantine og møterom.
Ta kontakt med Hallvard Takset, dagleg leiar i Vanylven Eigedom AS.

STARTE EIGA BEDRIFT?

Vanylven Utvikling AS er kommunen sitt Hoppid.no-kontor

Kompetansekartlegging 2013

I 2013 har vi gjennomført ei kompetansekartlegging av ei gruppe vanylvingar, med utgangspunkt i klasselister frå årgongane 1965-85. Denne kartlegginga har vorte utført gjennom direkte kontakt og i samarbeid med bygdelaga.
Med kartlegginga ynskjer vi å skaffe oss ein database som kan nyttast dersom det skal dukke opp konkrete jobbmoglegheiter i Vanylven.


Databasen inneheld namn, adresse/bustad, utdanningsretning/yrke/kompetanse.
Merk: dette er opplysningar som berre Vanylven Utvikling AS har tilgong til. Dersom bedrifter melder inn spesifikke rekrutteringsbehov kan vi gjennom databasen hente ut konkrete kandidatar som vi vil kunne gjere ein henvendelse til.


Dersom du er ein av desse årgongane og ynskjer å vite kva som er registrert på deg eller om du ikkje er ein av desse men likevel ynskjer å vere registrert i kompetansedatabasen vår: send oss ei melding til post@vanylvenutvikling.no og merk den med «kompetansekartlegging» i emnefeltet.